tysdag 26. april 2011

Gresk-ortodoks påske

Den ortodokse påskefeiringa tek utgangspunkt i den julianske kalenderen, og er dimed ofte til ei anna tid enn den norske. I år, og også i fjor, har det imidlertid vore samanfall, så påskeeftan kunne høgtidast med gresk-ortodoks anástasi-messe i Heilag Lasarus-kyrkja i Larnaka – ei ganske særeigen oppleving.

Kyrkja er bysantinsk, og vart bygd på 800-talet for å huse relikvia til Lasarus, som i fylgje myta skulle ha endt sine dagar (for andre og siste gong..) som biskop i Larnaka. Som så ofte med relikviar, fekk ikkje knoklane liggje lenge i ro, og har sidan vorte frakta fyrst til Konstantinopel og sidan stolne til Marseille (!).





Folk byrjar samle seg i kyrkja i ellevetida om kvelden, alle med utente stearinlys. Etter kvart som kyrkja fyllast opp og klokka nærmar seg midnatt, vert det òg trongt på plassen utanfor. Å kome til prestane byrjar gudstenesta slik litt-over-elleve, er ikkje så nøye, og å prate litt med sidemannen eller sjekke mobiltelefonen er visst heller ikkje så farleg. Ein forstår i alle høve lite av det som vert sagt og sunge (- det aller meste vert sunge), då kyrkjegresk ligg nærare opp til koiné-gresk frå antikken enn moderne folkegresk. Det viktige er å vera der ved midnatt, når hovudpresten (i mangel på kjennskap til ortodoks ordensterminologi) kjem fram frå ei opning i ikonostasen med eit tent ljos og forkynner oppståda og evig liv. Frå dette ljoset tenner dei næraste sine, og andre att frå desse, og slik vert ljoset spreidd i den mørklagde kyrkja til alle ljosa er tende. Då helser ein kvarandre med Χριστός ανέστη! (Kristus er oppstanden), og svaret Αληθώς ανέστη! (I sanning oppstanden!), og kinaputtar og fyrverkeri (truleg også nokre ladningar dynamitt) vert fyrt opp utanfor.

Neste punkt i liturgien er å gå i prosesjon rundt kyrkja med eit ikon av Lasarus, ein sylvbelagt bibel, og ymse anna. Heile tida vert det framleis sunge inne i kyrkja, og messa held fram sjølv om dei aller fleste no dreg heimover. Meininga er at ein skal ta med seg lysa heim, og lyse opp husa medan ein et måltidet som markerer enden på fastetida utover natta.

Nytt forsøk

Som eg sa i fyrste posten i 2009, fekk me sjå kor lenge eg klarte å halde det gåande med oppdateringar. Det heldt ei stund, men ikkje så veldig lenge, og det romerske vart det særs lite av. No, to år seinare, er eg nede i området igjen, og skal gjera eit nytt forsøk. Hellas og Italia er denne gongen supplert med Kypros (og kan hende ein rask tur innom Tyrkia), og våren får fylgje av sommaren, så namnet er vel ikkje heilt nøyaktig, men det får so vera.

laurdag 21. februar 2009

Sightseeing: Det arkeologiske museet


Trass i at det dei siste par tusen åra har gått ein straum av historiske gjenstandar ut frå Hellas, frå romerske keisarar som sendte heim greske statuar i tusental til lord Elgin som like godt demonterte Parthenon-frisa og frakta ho til England, har det arkeologiske arbeidet dei siste 150-åra sørga for at det nasjonale arkeologiske museet i Athen har ei imponerande samling artefaktar. Her fylgjer eit (veldig) lite utplukk:

Kore (κόρη) og kouros (κου̂ρος).Poseidon/Zeus.

Desse stiliserte skulpturane av unge kvinner (alltid påkledde) og unge menn (alltid nakne), hovudsakleg frå arkaisk tid, får meir merksemd av klassikarar enn ein i utgangspunktet skulle tru. Ein av langsvarsoppgåvene våre lyd rett og slett slik: "Kouroi og korai i arkaisk skulptur: form og funksjon."


Om bronseskulpturen er Zeus eller Poseidon er umogleg å seie så lenge me manglar attributten i høgre handa. Zeus ville hatt ei lynkile, Poseidon ein trefork. Statuen vart funnen i havet utanfor Euboia, og var truleg "plyndra" og på veg til Roma då skipet han var på gjekk ned. Samanlikn denne tidleg klassiske statuen (460 f.Kr.?) med dei arkaiske kouroi og sjå koss rørsla har kome inn i skulpturkunsten!


Athene Parthenos.

Romersk kopi av den enorme khryselefantin-statuen av Athene som Feidias sette opp i Parthenon, med ein moderne kopi i bakgrunnen. Då ein khryselefantinstatue er dekka av gull og elfenbein, og originalen var fleirfaldige meter høg, kan ein forstå at statuen utgjorde ein vesentleg del av gullageret til Athen. Det har vorte anslått over tonnet i reint gull!


Når eg er inne på gull kan det vera passande å gjera eit hopp attende til den greske bronsealderen og dei mykenske samlingane. Funna frå sirkelgravene i Mykene, mykje gjort av den berykta/berømte, tyske 1800-tals-arkeologen Heinrich Schliemann, syner ein ovstor rikdom og eit fantastisk velutvikla handverk. Den mykenske kulturen var på høgda mellom 1600 og 1100 f.Kr.




Ei linear-B-tavle måtte eg òg få med!

laurdag 14. februar 2009

Sightseeing: Athen sitt territorium

Dei siste vekene har me vore rundt og sett ein usannsynleg mengde monument og artefaktar i Athen og omland, på det nasjonale arkeologiske museet, og på ein tredagars busstur på Peloponnes. Om eg skulle ha lista opp punkt for punkt ville de ha sovna før eg var halvvegs, så eg let heller nokre av vekas 600 eksponeringar vera hovudtalarar.

Me startar i Brauron med Artemis-heilagdomen, som, om me skal tru Pausanias, har røter attende til myta om Iphigenia, dotter til sogedrotten Agamemnon frå Trojakrigen. (Merk søylestillinga i stoaen. Alt for lang lang avstand mellom søylene gjev problem i talet på triglyffar og metoper, andre plassar har dei løyst det med å byggje jonisk i staden.)

Laurion var viktig for Athen hovudsakleg av to grunnar. For det fyrste var rike malmførekomstar grunnlag for bergverksdrift. Eit stort sylvfunn om lag 483 f.Kr., som etter råd frå Themistokles vart nytta til ei storstilt opprusting av den athenske flåten i staden for å verte delt ut mellom dei athenske borgarane, la grunnlaget for den namngjetne sigeren over persarkongen Xerxes ved Salamis i 480. Den andre kjem av at Laurion ligg akkurat ein passeleg dagsseglas frå Pireus, hamnebyen til Athen, og har eit brukbart hamneområde, slik at byen vart nytta som fyrste stopp både for handelsfarty og militære ekspedisjonar på veg austover.

Eit av dei mest kjende landemerka på Attika må vera Poseidontempelet i Sounion. Plassert ute på den ytterste klippa ute på spissen av Attika ville dette vera det fyrste som møtte skipa som kom nord- og austfrå av innseglinga til Athen. Når ein ser plasseringa er det ikkje å undrast over at tempelet har fått merksemd frå romantikarar i alle periodar, slik som Lord Byron:

Place me on Sunium's marbled steep,
Where nothing, save the waves and I,
May hear our mutual murmurs sweep...

Ser ein godt etter finn ein faktisk også namnetrekket hans meisla inn i eine søylefoten på tempelet.

Soga om Thesseus og minotauren fortel at det var frå Kapp Sounion kong Aigeus stod ventande på sonen si heimkome frå Kreta, og då Thesseus "gløymde" å byte ut dei svarte sigla med dei kvite som tegn på at han var i live, kasta kongen seg utfor og forsvann i bylgjene. Etter dette har havet heitt det egeiske.

Pausanias

Den rikaste historiske kjelda me har til den klassisk-greske materielle kulturen må utan tvil vera Pausanias. På 100-talet etter Kr. reiste han rundt i dei greske områda og skreiv ned kva han såg av monument, slik at me i dag veit mykje om kva ein bør kunne finne. Difor er Pausanias eit must for arkeologar i Hellas, men han er ofte óg arkeologen sitt største irritasjonsmoment. Pausanias kan nemleg bruke sidevis på ubetydelege eller unyttige detaljar, for så, når han nermar seg det arkeologen er interessert i, å kome med eit «vel, nok om det», eller eit «attende til saka» og dra vidare til neste plass.

I alle høve ville eg gjerne ha med reiseskildringa å bladre i når me no skulle rundt å vitje mange av stadane han har skrive om. Då eg reknar med at dette er noko ein kvar athensk bokhandel har på lager, går eg inn i den fyrste eg finn og spør etter Pausanias: Description of Greece. Etter å ha motteke eit usikkert blikk frå ekspeditøren, får eg til svar at nei, akkurat den har dei ikkje inne, men at dei har då Lonley Planet sin Guide to Greece..! Neste gong hadde eg meir hell med meg, og sit no med ei Loeb-utgåve som dekkjer Attika og Korinth. 

Det fyrste eg har merka meg ved er kommentaren hans til talaren Demosthenes:
«Det synast meg rett, det som har vorte sagt, at ein mann som utan atterhald har kasta seg inn i politikken stolande på truverdet åt folkestyret, aldri har endt livet godt.» (Eigen, noko kronglete omsetjing..)

Takk for den!

søndag 8. februar 2009

Akropolis

Etter halvanna veke i Athen, eit halvt tusen bilete med «knausen» i bakgrunnen, og to timars innføring i det matematiske grunnlaget for det doriske tempelet, var tida om sider inne for å innta Akropolis. No treng neppe Akropolis nokon vidare presentasjon, men Juncker-Jensen er likevel brukandes:

«Med ryggen til Areopagos ser vi lige op mod Akropolis' vestfront. «Der er kun een indgang til Akropolis, en anden gives ikke, da højen er stejl hele vejen rundt og har en stærk mur», siger Pausanias meget nøgternt, og vi citerer det kun, dels fordi det er sandt og dels for at mindes denne romerske rejsende og forfatter fra 2det årh. e. Kr., som vi skylder tak for uendelig mange oplysninger om kunstværker og deres historie. Man har kaldt ham «Oldtidens Baedecker». [Eg kjem attende til Pausanias i neste innlegg.]

 De fire praktbygninger, der nu står tilbage på Akropolis, er alle bygget i det forunderligt rige 5te århundrede og er alle af udsøgt marmor. Det er: 1) Portindgangen, Propylæerne kaldet, 2) Det lille Niketempel, rejst på en fremskudt bastion, 3) Erechtheion, templet for den «lysblåøjede Pallas Athene», stadens skytsgudinde, og endelig 4) Parthenon, også viet Athene.»

Oppe på akropolen fekk me ein god gjennomgang av dei viktige monumenta av professor Østby. Det fyrste ein legg merke til er sjølvsagt Parthenon-tempelet. Dette tempelet/votivgåva/maktsymbolet/gullageret vart reist i den aller rikaste tida av den athenske klassiske perioden, i åra fram mot den peloponnesiske krigen. Bygget er rett nok ikkje heilt perfekt dorisk, men ein kan likevel sjå kva Østby seier om denne stilen: «Den estetiske gunnideen i den doriske arkitekturen er en harmonisk sammenstilling av abstrakte, geometriske og matematiske elementer, hvor det viktigste er samspillet mellom horisontale og vertikale linjer. Det tilkommer andre temaer også, som forholdet mellom åpent og lukket, eller forholdet mellom rette og krumme linjer.» Det store holet på langsida, og grunnen til at tak og cellabygning er borte, kjem elles av at ein venetiansk granat landa mitt i ottomanarane sitt kruttlager der inne ein gong på sekstenhundretalet. Offiseren som stod for angrepet var visstnok svensk...

Det nest mest kjende bygget heroppe er nok Erechtheion, her ein tydeleg ser forskjellen til dei lange, slanke joniske søylene, og dem berømte Kariatide-porten.
Som det naturleg følger av at Akropolis kan sjåast frå bortimot einkvar stad i denne byen, kan ein óg sjå det aller meste oppe frå Akropolis. På veg ned tok eg eit par bilete vestover, som eg har sett saman til eit panorama og sett på namnelappar:

fredag 30. januar 2009

Fredagsmarknad

Etter å ha gjort unna den siste av innleiingsforelesingane tsieltil Panos Dimas (dei har vore ein behageleg start), la me turen innom den lokale fredagsmarknaden. Ikkje at han er særleg stor, eller har spesielt mykje rart, eller utmerkar seg på andre måtar, men likevel litt triveleg.

For å finne vegen er det berre å følgje straumen av eldre damer med tomme metalltrillevogner. Dette er tydlegvis staden athenske husmødre handlar inn frukt og grønsaker for heile veka. I eit forsøk på å "do as the Romans," kom eg heim med sekken full av potet, lauk, klementinar - og vin. Neste veke får eg skaffe meg metalltrillevogn.

"Olivenolje AA'" - "Kvitvin" - "Halvsøt" - "Rosévin" - "Raudvin"

Som de kan sjå av biletet har min kollega i den greske vinhandelen ei noko enklare oppgåve når det kjem til fagopplæring og anbefalingar. I det heile ideen med å selje vin på tunne halvannanliters plastflasker er noko framand for meg, men eg fekk med meg ein av typen "raud". Olivenboden, derimot, har eit utval eit norsk vinmonopol verdig: