laurdag 14. februar 2009

Sightseeing: Athen sitt territorium

Dei siste vekene har me vore rundt og sett ein usannsynleg mengde monument og artefaktar i Athen og omland, på det nasjonale arkeologiske museet, og på ein tredagars busstur på Peloponnes. Om eg skulle ha lista opp punkt for punkt ville de ha sovna før eg var halvvegs, så eg let heller nokre av vekas 600 eksponeringar vera hovudtalarar.

Me startar i Brauron med Artemis-heilagdomen, som, om me skal tru Pausanias, har røter attende til myta om Iphigenia, dotter til sogedrotten Agamemnon frå Trojakrigen. (Merk søylestillinga i stoaen. Alt for lang lang avstand mellom søylene gjev problem i talet på triglyffar og metoper, andre plassar har dei løyst det med å byggje jonisk i staden.)

Laurion var viktig for Athen hovudsakleg av to grunnar. For det fyrste var rike malmførekomstar grunnlag for bergverksdrift. Eit stort sylvfunn om lag 483 f.Kr., som etter råd frå Themistokles vart nytta til ei storstilt opprusting av den athenske flåten i staden for å verte delt ut mellom dei athenske borgarane, la grunnlaget for den namngjetne sigeren over persarkongen Xerxes ved Salamis i 480. Den andre kjem av at Laurion ligg akkurat ein passeleg dagsseglas frå Pireus, hamnebyen til Athen, og har eit brukbart hamneområde, slik at byen vart nytta som fyrste stopp både for handelsfarty og militære ekspedisjonar på veg austover.

Eit av dei mest kjende landemerka på Attika må vera Poseidontempelet i Sounion. Plassert ute på den ytterste klippa ute på spissen av Attika ville dette vera det fyrste som møtte skipa som kom nord- og austfrå av innseglinga til Athen. Når ein ser plasseringa er det ikkje å undrast over at tempelet har fått merksemd frå romantikarar i alle periodar, slik som Lord Byron:

Place me on Sunium's marbled steep,
Where nothing, save the waves and I,
May hear our mutual murmurs sweep...

Ser ein godt etter finn ein faktisk også namnetrekket hans meisla inn i eine søylefoten på tempelet.

Soga om Thesseus og minotauren fortel at det var frå Kapp Sounion kong Aigeus stod ventande på sonen si heimkome frå Kreta, og då Thesseus "gløymde" å byte ut dei svarte sigla med dei kvite som tegn på at han var i live, kasta kongen seg utfor og forsvann i bylgjene. Etter dette har havet heitt det egeiske.

2 kommentarer:

  1. Ja, det er helt greit at du ikke lister opp all du har sett til nå.. Jeg har ikke søvnproblemer

    Det ser ut til å være utrolig flott vær hos deg, der du går rundt ruiner og artifakter.
    Får du litt "age of empires" følelse eller?
    Er det noe "trebuche"-faktor eller "wonders", "siege rams" og "chariots" rundt omkring?

    Artig å lese - men hva betyr "jonisk"?
    -Gunnar

    SvarSlett
  2. Denne dagen var det flott, ja, men elles har det til tider vore ganske nustre. Dei innfødde klagar over ein streng vinter...
    AoE I-stemninga snik seg heilt klart innpå, men du veit då at trebuchetane er alt for moderne (og dessutan fyrst kjem i toaren!). Hugsar du introen? Der er det greske hoplittar som styrtar fram. Dei har me vore litt innom. Og så er det sjølvsagt murane og borganlegga som står att i landskapet. Litt av nokre kart å spele på!

    Jonisk er her meint som den joniske søyleordenen. Medan den doriske har svært strenge reglar, er den joniske mykje friare. Det er desse slanke søylene med voluttar i kapitelet (bukkehorn-krøllar..). http://no.wikipedia.org/wiki/Jonisk_søyleorden

    SvarSlett