tysdag 26. april 2011

Gresk-ortodoks påske

Den ortodokse påskefeiringa tek utgangspunkt i den julianske kalenderen, og er dimed ofte til ei anna tid enn den norske. I år, og også i fjor, har det imidlertid vore samanfall, så påskeeftan kunne høgtidast med gresk-ortodoks anástasi-messe i Heilag Lasarus-kyrkja i Larnaka – ei ganske særeigen oppleving.

Kyrkja er bysantinsk, og vart bygd på 800-talet for å huse relikvia til Lasarus, som i fylgje myta skulle ha endt sine dagar (for andre og siste gong..) som biskop i Larnaka. Som så ofte med relikviar, fekk ikkje knoklane liggje lenge i ro, og har sidan vorte frakta fyrst til Konstantinopel og sidan stolne til Marseille (!).





Folk byrjar samle seg i kyrkja i ellevetida om kvelden, alle med utente stearinlys. Etter kvart som kyrkja fyllast opp og klokka nærmar seg midnatt, vert det òg trongt på plassen utanfor. Å kome til prestane byrjar gudstenesta slik litt-over-elleve, er ikkje så nøye, og å prate litt med sidemannen eller sjekke mobiltelefonen er visst heller ikkje så farleg. Ein forstår i alle høve lite av det som vert sagt og sunge (- det aller meste vert sunge), då kyrkjegresk ligg nærare opp til koiné-gresk frå antikken enn moderne folkegresk. Det viktige er å vera der ved midnatt, når hovudpresten (i mangel på kjennskap til ortodoks ordensterminologi) kjem fram frå ei opning i ikonostasen med eit tent ljos og forkynner oppståda og evig liv. Frå dette ljoset tenner dei næraste sine, og andre att frå desse, og slik vert ljoset spreidd i den mørklagde kyrkja til alle ljosa er tende. Då helser ein kvarandre med Χριστός ανέστη! (Kristus er oppstanden), og svaret Αληθώς ανέστη! (I sanning oppstanden!), og kinaputtar og fyrverkeri (truleg også nokre ladningar dynamitt) vert fyrt opp utanfor.

Neste punkt i liturgien er å gå i prosesjon rundt kyrkja med eit ikon av Lasarus, ein sylvbelagt bibel, og ymse anna. Heile tida vert det framleis sunge inne i kyrkja, og messa held fram sjølv om dei aller fleste no dreg heimover. Meininga er at ein skal ta med seg lysa heim, og lyse opp husa medan ein et måltidet som markerer enden på fastetida utover natta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar