onsdag 21. januar 2009

Fyrste etappe

I går starta eg reisa nedover med den velkjende båtturen Oslo-København. Kari har fylt ein isboks med salat med pasta og bacon, og elles sett til at eg har alt eg treng av mat og klede og anna. Ho har kanskje gjort jobben litt for godt, for det var berre så vidt eg fekk slept meg avgarde frå Oslo S til Vippetangen (framme i Birkerød vog eg inn på vel 105 kg, så no veit eg koss dét er òg). Spørst om eg ikkje må leggja att noko hjå far.

I Oslo låg snøen enno etter kaoset på mandag (skulle tru me ikkje var vande med slikt..), sjølv om det hadde vorte mest slaps, på veg mot kai i Nordhavn glei båten ut av øresundståka og avslørte blå himmel og eit drag av vår i lufta. Me får sjå koss det vert vidare sydover.

Elles har eg lagt om reiseruta; Det vert aust-Europa via München, Budapest, Beograd og Tessaloniki i staden for Italia og båt over. Litt lengre reisetid, men mindre togbytte og styr (vonar eg). I billettluka på Københavns Hovedbanegård fekk eg ordna plassbillettar heilt til Tessaloniki! Skulle nesten tru me levde på nitti-talet... Nattoget til München går sju på sju frå København H i kveld. Med nøyaktig ein halvtimes overgangstid til RailJet-toget vidare, bør det helst vera i rute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar