laurdag 24. januar 2009

"Toget pustar over Puszta'n..."

Etter femti timar med tog gjennom Sentral- og Aust-Europa har eg nesten berre ros å koma med til dei europeiske togselskapa. God service, stort sett fine tog, og bra punktlegheit, sjølv gjennom Balkan. Den eine lille detaljen eg har å klage på har imidlertid ført til at eg no sit på ein internettcafé/spelebule i Thessaloniki og ikkje på rommet mitt i Athen.

Frå København hadde eg ein seksmannskupé heilt for meg sjølv, altså sofa og langbord nede, seng og bagasjeplass oppe. Ein god time før me rulla inn til München morgonen etter vart eg vekt med beskjed om at frukosten var klar i nabovogna. Etter ein liten halvtime i München fór eg vidare med RailJet-toget gjennom Austerrike og Ungarn til Budapest. Toget kom rett nok ikkje opp i dei lova 240 km/t, men 195 er også greitt for ein som er vand med norske 40-sonar.
Sju timar i Budapest går med ein liten kveldssightseeing att og fram over Donau før eg finn ein bokhandel og snik med til å slå opp i Lonely Planet sin austeuropaguide etter restaurantar i Budapest. Valet fell på "Menza" etter hjartelege lovord frå redaktøren. Sur-salt karpesuppe og andebryst med fikensaus smakar absolutt uvandt, men slett ikkje ille. Rekninga landa pa den nette sum av 4250,- vin inkludert. Heldigvis snakkar me her om ungarske florentar, ikkje kroner.

Etter nok ei natt åleine i ein seksmanns liggekupé (det vert jo nesten som eit hotellrom), og ein kald time med venting på stasjonen i Beograd, var eg ombord på toget til Thessaloniki, eller Saloun, som slavarane seier. 14 timar i eit tog er personleg rekord, men med triveleg selskap av serberar og makedonarar gjekk det òg. (Her må eg ta med at både norsk toll og svensk tull har ein del å lera av dei serbiske kollegaene når det kjem til service-innstilling og folkeskikk.) Av utsjånad låg Balkan nærare det eg hadde sett for meg enn eg hadde vona; grått vêr, brunt og gult slette- og bakkelandskap med slitne landsbyar og byar, og søppel strødd utover. Til forsvar må det seiast at det ikkje er heilt rettvist å døme ut frå ein regntung januardag, soloppgang over eit vårblomstrande Serbia hadde nok etterlete eit litt anna inntrykk. 

Attende til togselskapa og det eine, lille ankepunktet mitt: OSE, dei greske statsbanane, tillet ikkje reservasjonar frå utlandet. Difor kom eg til Thessaloniki utan plassbillet på nattoget til Athen, men rekna ikkje med at det skulle vera problematisk. Det var det. Nattoget var fullbooka, og det neste nattoget var fullbooka. Med hjelp frå Rough Guide to Greece, som eg hadde sikra meg heimefrå, fann eg eit rimeleg hotell ikkje langt frå stasjonen. Neste morgon var eg oppe klokka seks og ned til fyrste dagtoget. Det var også fullt. Og neste var fullt, og neste, og neste, og neste, og så bortetter. Alle dagtoga var visstnok fullsatt, men eg fekk meg sitteplass på nattoget i kveld. Til gjengjeld fekk eg meg ein dag i Thessaloniki og det arkeologiske museet:


Hagios Dimitrios.

Det "kvite" tårnet.


Detalj frå makedonsk gravport i marmor.


Hjelm med gullbeslag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar