torsdag 29. januar 2009

Møte med gamle Athen

GjestehusetMedan eg er her i Athen har eg fått meg rom i gjestehuset til det norske instituttet. Eit flott gamalt hus i Kavalotti med fem meters takhøgde, tre meter høge dører og eigen takterrasse. Dessutan ligg det eit sleivkast unna bortimot alt: Instituttet er hundre meter nedi gata, det nordiske biblioteket vegg i vegg med oss (og derifrå får me trådlaust nett inn på romma..), bakeri på hjørnet, matbutikk eit kvartal unna og så bortetter. Og ved kvar tverrgate ser me rett opp på Akropolis der siluetten av Parthenon-tempelet teknar seg mot himmelen!

ParthenonUtsikt mot Parthenon

Kvar morgon er eg er nede hjå bakaren og hentar rundstykke eller baguettar. Nett som på Rømø når eg som treåring vart sendt bort til købmand Carl. Og nett som hjå købmand Carl klarar eg ikkje riktig å formidle kva eg skal ha, men får det likevel (dei begynner å kjenne meg no). - Ein må berre ikkje tru at ein bachelor i gamalgresk er til nokon hjelp om ein skal klare seg i dagleghandelen i Athen...

Herodes Atticus Odeion Herodes Atticus sin "Odeion"

Etter nokre rolege dagar tok eg meg i går ein gåtur rundt i "nabolaget". Fem timar seinare hadde eg vore innom fleire verdsarvstader enn me har i Noreg og festa eit bar hundre bilete til minnebrikka. Rett oppi høgget frå Kavalotti ligg det romerske teateret etter Herodes Atticus (andre hundreåret etter Kristus) bygd inn i hellinga opp mot Akropolis, litt lenger aust det (riktig) gamle, greske motstykket, Dionysos-teateret.

AkropolisAkropolis frå Areopagos

Attalos StoaVidare mot vest går me opp på Areopagos, Areshøgda, der det høgaste rådet samla seg og dømte og tok avgjerder i klassisk og før-klassisk tid. Sjølve høgda er ikkje anna enn ei ujamn klippeblokk, polert av sålane til alle dei som har kome opp der kvar dag dei siste tre tusen åra. Utsikta, derimot, er alt anna: Mot vest ser me rett opp på Propylaia, inngangspartiet oppe på Akropolis (for tida innramma av stilas..), rett nord for oss har me Agora, og i sør og vest dei tre toppane: fjellet åt Musene, Pnyx og Nymfane si høgd. Frå Areshøgda tek det berre fem minutt ned til Agora (hugs: gratis inngang for studentar), som vert dominert av Attalos sin Stoa, som vart gjenreist på 1950-talet, og i andre enden Hefaistostempelet. 

Athen300 grader av Athen

Frå Agora går ei "gågate" (grekarane reknar visstnok motorsyklar og mopedar som fotgjengarar..) attende mot Akropolis-museet (også dette innan hundre meter frå gjestehuset), men på vegen gjorde me ein avstikkar opp på Muse-fjellet, der ein har ein fantastisk utsikt over heile byen, og vidare bort til Pnyx etter instruksjon frå Jens Juncker-Jensen sin "Illustreret rejsefører gennem det moderne Hellas" (ho er frå 1958...):

"Nord herfor [altså fjellet åt Musene] ligger Pnyx, som ikke skulle være så vanskelig at finde. Alligevel tog det Georg Brandes det meste af en dag før han fandt en person, som kunne fortælle ham, hvor Pnyx var, hovedmålet for hans rejse til Athen. Det var jo her, de store folkeforsamlinger afholdtes, hvor statens vigtigste anliggender afgjordes, og fra talertribunen, en stor, firkantet klippeblok med sæder bagved til embedsmændene, har Périkles udfoldet sin veltalenhed og her har  Demosthenes lidenskabeligt forsøgt at advare sine landsmænd mod den truende fare fra Makedonien og - forgæves - manet dem til sammenhold."

Hallvard oratorSom Brandes er sjølvsagt heller ikkje eg uinteressert i denne plassen, sjølve symbolet på demokratiet sin vugge. - Og vugga til retorikken og dei politiske diskusjonane! Eg kunne ikkje dy meg for å snike meg over gjerdet og opp på talestolen, Βημα Ρητορος, og verte avbilda heftig gestikulerande og argumenterande. No kan eg hevde å ha gått i fotefara åt Demosthenes!

1 kommentar:

  1. Å, så gøy å kunne følge med på hva du gjør der nede! Og bilder! Fortsett med det, det er stas!

    SvarSlett