laurdag 14. februar 2009

Pausanias

Den rikaste historiske kjelda me har til den klassisk-greske materielle kulturen må utan tvil vera Pausanias. På 100-talet etter Kr. reiste han rundt i dei greske områda og skreiv ned kva han såg av monument, slik at me i dag veit mykje om kva ein bør kunne finne. Difor er Pausanias eit must for arkeologar i Hellas, men han er ofte óg arkeologen sitt største irritasjonsmoment. Pausanias kan nemleg bruke sidevis på ubetydelege eller unyttige detaljar, for så, når han nermar seg det arkeologen er interessert i, å kome med eit «vel, nok om det», eller eit «attende til saka» og dra vidare til neste plass.

I alle høve ville eg gjerne ha med reiseskildringa å bladre i når me no skulle rundt å vitje mange av stadane han har skrive om. Då eg reknar med at dette er noko ein kvar athensk bokhandel har på lager, går eg inn i den fyrste eg finn og spør etter Pausanias: Description of Greece. Etter å ha motteke eit usikkert blikk frå ekspeditøren, får eg til svar at nei, akkurat den har dei ikkje inne, men at dei har då Lonley Planet sin Guide to Greece..! Neste gong hadde eg meir hell med meg, og sit no med ei Loeb-utgåve som dekkjer Attika og Korinth. 

Det fyrste eg har merka meg ved er kommentaren hans til talaren Demosthenes:
«Det synast meg rett, det som har vorte sagt, at ein mann som utan atterhald har kasta seg inn i politikken stolande på truverdet åt folkestyret, aldri har endt livet godt.» (Eigen, noko kronglete omsetjing..)

Takk for den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar