laurdag 21. februar 2009

Sightseeing: Det arkeologiske museet


Trass i at det dei siste par tusen åra har gått ein straum av historiske gjenstandar ut frå Hellas, frå romerske keisarar som sendte heim greske statuar i tusental til lord Elgin som like godt demonterte Parthenon-frisa og frakta ho til England, har det arkeologiske arbeidet dei siste 150-åra sørga for at det nasjonale arkeologiske museet i Athen har ei imponerande samling artefaktar. Her fylgjer eit (veldig) lite utplukk:

Kore (κόρη) og kouros (κου̂ρος).Poseidon/Zeus.

Desse stiliserte skulpturane av unge kvinner (alltid påkledde) og unge menn (alltid nakne), hovudsakleg frå arkaisk tid, får meir merksemd av klassikarar enn ein i utgangspunktet skulle tru. Ein av langsvarsoppgåvene våre lyd rett og slett slik: "Kouroi og korai i arkaisk skulptur: form og funksjon."


Om bronseskulpturen er Zeus eller Poseidon er umogleg å seie så lenge me manglar attributten i høgre handa. Zeus ville hatt ei lynkile, Poseidon ein trefork. Statuen vart funnen i havet utanfor Euboia, og var truleg "plyndra" og på veg til Roma då skipet han var på gjekk ned. Samanlikn denne tidleg klassiske statuen (460 f.Kr.?) med dei arkaiske kouroi og sjå koss rørsla har kome inn i skulpturkunsten!


Athene Parthenos.

Romersk kopi av den enorme khryselefantin-statuen av Athene som Feidias sette opp i Parthenon, med ein moderne kopi i bakgrunnen. Då ein khryselefantinstatue er dekka av gull og elfenbein, og originalen var fleirfaldige meter høg, kan ein forstå at statuen utgjorde ein vesentleg del av gullageret til Athen. Det har vorte anslått over tonnet i reint gull!


Når eg er inne på gull kan det vera passande å gjera eit hopp attende til den greske bronsealderen og dei mykenske samlingane. Funna frå sirkelgravene i Mykene, mykje gjort av den berykta/berømte, tyske 1800-tals-arkeologen Heinrich Schliemann, syner ein ovstor rikdom og eit fantastisk velutvikla handverk. Den mykenske kulturen var på høgda mellom 1600 og 1100 f.Kr.




Ei linear-B-tavle måtte eg òg få med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar