fredag 30. januar 2009

Fredagsmarknad

Etter å ha gjort unna den siste av innleiingsforelesingane tsieltil Panos Dimas (dei har vore ein behageleg start), la me turen innom den lokale fredagsmarknaden. Ikkje at han er særleg stor, eller har spesielt mykje rart, eller utmerkar seg på andre måtar, men likevel litt triveleg.

For å finne vegen er det berre å følgje straumen av eldre damer med tomme metalltrillevogner. Dette er tydlegvis staden athenske husmødre handlar inn frukt og grønsaker for heile veka. I eit forsøk på å "do as the Romans," kom eg heim med sekken full av potet, lauk, klementinar - og vin. Neste veke får eg skaffe meg metalltrillevogn.

"Olivenolje AA'" - "Kvitvin" - "Halvsøt" - "Rosévin" - "Raudvin"

Som de kan sjå av biletet har min kollega i den greske vinhandelen ei noko enklare oppgåve når det kjem til fagopplæring og anbefalingar. I det heile ideen med å selje vin på tunne halvannanliters plastflasker er noko framand for meg, men eg fekk med meg ein av typen "raud". Olivenboden, derimot, har eit utval eit norsk vinmonopol verdig:

2 kommentarer:

  1. Å kjære vene, for noen oliven... jeg kan SE at de smaker fantastisk.

    SvarSlett
  2. Eg skal få lest meg opp på denne bloggen etterkvart, men no ved fyrste augekast kan eg i alle fall gje skamros for framifrå skrivemål.
    Har me eit godt ord for "forbilledlig"..?

    SvarSlett